Kulturvandring - Opplev det gamle Lindås

Lindåsbygda

Lindåsbygda har frå gamalt av vore ein sentral stad i regionen, og har såleis ei rik historie. Regionen hadde ei anna kommuneinndeling og den viktigaste ferdselsåra var sjøen. På heradsstyremøtene kom det roande deltakarar både frå Fedje og Masfjorden, og det vanka bøter for dei som ikkje møtte.

Rundt midten av 1800-talet skildrar distriktslækjaren at folk levde under tronge kår, så å seie alle hadde skabb og det var vanskeleg å gjere noko med dei hygieniske forholda på grunn av manglande vilje til endring. Til trass for dette, var det tidleg skolert jordmor her, bygda starta amtsskule i 1883 og på slutten av 1920-talet kom tuberkulosesanatoriet, som tok pasientar frå heile Vestlandet. Bygget vart teikna av Lilla Hansen. Noreg si første kvinnelege arkitekt med eigen praksis.

Lindåsbygda var kommunesenter i Lindås kommune fram til1960-talet, då kommuneadministrasjonen vart flytt til Knarvik. Det var omtrent på same tida utbygging og tilflytting til bygda starta i samband med aktiviteten på Mongstad.

Lindåssilda

I sjøområdet innom Lindås Sjøsluser, finst det ei eiga sildestamme som er over 6000 år gamal. Meir info ved Lindås Brygge

Flo og fjøre

På grunn av få og tronge sund mellom Lindåsosane og Lurefjorden utanfor, er flo og fjære forskyvd ca. 2,5 timar samanlikna med Lurefjorden utanfor.

Lindås Sjøsluser

Slusene vart bygd i 1907, og er ikkje lengre i drift. Meir info om dette kystkulturminnet ved Lindås Brygge og på Vågseidestranda Feriesenter.

Store kunstnarar

Lyrikaren Aslaug Låstad Lygre og treskjeraren Katharina Saltnes vaks begge opp på Lindås. Infoplansje om Katharina Saltnes i resepsjonen på Westland Hotel.