Lindåstunet
Lindås tuberkuloseheim, nå Lindåstunet, har vore sentral i helse- og omsorgsarbeidet i heile Nordhordland i snart 100 år. Bygget representerer og dokumenterer 100 års helsehistorie, arkitekturhistorie, byggeskikk og handverkstradisjonar. Her er nytta lokale tradisjonelle materiale og bygget har i hovudsak ikkje vore endra utvendig, med unntak av betongtrappebygget frå 1969 mellom kuren og hovudbygget.
Hovedbygget, kuren og hageanlegget er verneverdig og Vestland fylkeskommune har registrert bygget i Askeladden, som er Riksantikvarens offisielle database over freda kulturminne og kulturmiljø i Norge. Især kuren er unik sett i Norsk samanheng.
Hovedbygget og kuren er teikna av Arkitekt Lilla Hansen, som var Norges første kvinnelege arkitekt med eigen praksis. Dette er ein av grunnane til at Vestland fylkeskommune har vurdert bygget som fredningsverdig.
Lindås kommune overtok bygget frå Hordaland fylkeskommune i 1997 for 1,- kr.
Lindås/Alver kommune har hatt hovudansvaret for bygget sidan 2014, men har brukt minimalt med midlar til vedlikehald og ingen ting til oppgradering. Grunngjevinga har vore at klausulen frå Opplysningsvesenet fond, om bruk til «Pleieheim for sinnsjuke og/eller åndsveike» måtte overhaldast, elles ville den årlege tomteleiga verte sett drastisk opp.
Klausulen blei endra i januar 2023: Fester kan fritt ta tomten i bruk til alle formål som ikke omfattes av tomtefestelovens begrep tomt til bolig- og fritidshus.
Å bevare og gjenbruka eksisterande bygg, er ein del av det grøne skifte som er heilt naudsynt for eit framtidig berekraftig samfunn.
Alver kommune har ikke sett seg råd til å vedlikeholde eller oppgradere Lindåstunet, siden 2014. Huset er derfor i dårlig stand. Lindås bygdelag har sammen med Vestland fylkeskommune og Fortidsminneforeningen forsøkt å få Alver kommune til å ta ansvar for vedlikehold av kulturminnet og få inn ny bruk, - MEN den 2. mai 2024 vedtok kommunestyret i Alver kommune å legge Lindåstunet ut for salg.